Landnám

Arrangør: Tor Gjerde
 

Type arrangement: 

Forhåndskunnskaper: 

Pulje: 

Er du lei av hardstyret til kongen? Det er funne ubygd land vest i havet som er så rikt at åkrane veks usådde og det dryp smør av kvart grasstrå. Her er det rom for alle djerve landnåmsmenn og -kvinner som vågar å bryte opp frå ættejorda og søkje sin lagnad i eit land der kvar rår over seg sjølve.

Landnám er eit eigneutvikla spel som har ein del til felles med "Settlers of Catan", men som òg inneheld mange andre element.